LangtidsopphaldLangtidsopphald i sjukeheim er eit omfattande pleietilbod til personar som har behov for pleie- og omsorgstenester 24 timar i døgnet. Det kan vera som følgje av kronisk sjukdom, langvarig funksjonssvikt, demenssjukdom eller når andre pleie- og omsorgstenester ikkje er tilstrekkelege i heimen til pasienten. Midtgarden og Nordigarden er langtidsavdelingar på Vangsheimen Målgruppe for tenesta Pasientar som over tid har omfattande pleie-, behandlings- og / eller omsorgsbehov. Alle andre aktuelle hjelpetiltak skal vera utprøvd eller vurdert før langtidsopphald vert innvilga. Behovet for medisinsk behandling, pleie og omsorg tilseier behov for heildøgns omsorg i institusjon. Meir om langtidsopphald Ved langtidsopphald får du: Regelmessig oppfølging av tilsynslege, og elles etter fagleg vurdering. Kontakt med spesialist og tannhelseteneste etter fagleg vurdering. Kontakt med fysio- og ergoterapiteneste etter fagleg vurdering. Hjelpa vert tilpassa den enkelte pasient ut frå faglege vurderingar. Tenesteinnhaldet skal utarbeidast i samarbeid med den enkelte pasient/pårørande. Hjelp til å søkje verje. Ulike aktivitetstilbod. Tilbod om frisør og fotpleie (betalingsteneste) Søknad Søknadsskjema kan du laste ned her, eller du kan kontakte Institusjons- og heimebaserte tenester. Søknadsskjema Søknaden sender du per post: Postadresse: Vang kommune Institusjons- og heimebaserte tenester Tyinvegen 5150 2975 Vang i Valdres Søknad kan ikkje sendast på e-post grunna personvernet Klage Du har klagerett j.fr. Pasient og brukerrettighetsloven kap.7 §7-2 og Forvaltningsloven §§28,29. Du kan sende klaga til den instansen som har fatta vedtaket innan 4 veker etter motteke vedtak. Sist endra 13.02.2024 11.30