Resultat frå innbyggjarundersøkinga

Vang kommune og Distriktssenteret vil gjerne sende ein stor takk til alle som tok seg tid til å delta i innbyggjarundersøkinga om berekraftig samfunnsutvikling i Vang kommune!

I Vang var det totalt 319 personar som gjennomførte heile undersøkinga og 128 som svarte på delar av den, og resultata gjev mykje nyttig informasjon om kva innbyggjarane meiner er viktig for å skape livskraftige lokalsamfunn i framtida.

Vi vil no arbeide oss gjennom resultata på ulike måtar, og bruke desse i samfunnsutviklingsarbeidet i kommunen, mellom anna i arbeidet med kommuneplanen sin samfunnsdel,  men også i pågåande planar og prosjekt. Det vil koma meir informasjon om dette etter kvart, men allereie no har vi klar ein fyrste, generell rapport med resultata frå Vang, som vi gjerne vil dele:

Lenke til kommunerapport for Vang. (PDF, 3 MB)

Her er det mange verdifulle innspel til kommunen sitt arbeid, og vi merkar oss spesielt nokre funn: 

  • 93 prosent seier at fjellområda i min kommune betyr mykje for meg.
  • 76 prosent er litt einig og einig i påstanden: Eg ønskjer å bu i kommunen i framtida. 
  • For å bidra til å skape eit livskraftig og godt lokalsamfunn meiner 51 prosent at det er viktig å engasjere seg i lokalpolitikken, 80 prosent meiner det er vikitig å engasjere seg i lokale organisasjonar og delta i frivillig arbeid og 94 prosent meiner det viktig å stemme ved lokalval.  
  • 66 prosent seier dei får lyst til å gjere ein innsats for ei meir berekraftig utvikling når dei ser at innsatsen deira betyr noko i ein større samanheg. 

Vi tek gjerne imot innspel og tankar om undersøkinga og resultata, send dei inn til ingeborg.lunde@vang.kommune.no.  

Resultata frå undersøkinga har også stor verdi i Distriktssenteret sitt arbeid med å utvikle kunnskap om korleis distriktskommunar arbeider med berekraftig samfunnsutvikling. Til saman var det over 1500 personar som gjennomførde heile undersøkinga, og under er nokre funn på tvers av dei åtte kommunane som deltok:

  • Motivasjon knytt til berekraft: Undersøkinga viser at rundt 2/3 ynskjer å bidra til ei meir berekraftig utvikling dersom dei ser at deira innsats er til nytte i ein større samanheng.  
  • Stadtilhøyrsle: 87 prosent seier at landskapet og naturen i kommunen betyr mykje for deira identitet, 80 prosent er engasjert i utviklinga av sin kommune og 78 prosent ynskjer å bu i kommunen i framtida.
  • Folk er opptekne av landskap og natur. I overkant av 85 prosent er samde i at "vi må ta betre vare på naturen fordi den utgjer livsgrunnlaget vårt" og at "naturen har ein verdi i seg sjølv, og vi har eit etisk ansvar for å ta godt vare på naturen". 

Lenke til oversiktsrapport med resultat frå alle kommunene som deltok.  (PDF, 3 MB)

Distriktssenteret vil utover våren publisere rapportar basert på undersøkinga på sine nettsider ( https://distriktssenteret.no/ )