Administrasjon

Kommunen sin administrasjon finn du på kommunehuset i Vang.
Kommunedirektør Erlend Haaverstad er øvste administrative leiar for alle tilsette i kommunen. Kommunedirektøren sine oppgåver følgjer for ein stor del av kommunelova: Han skal sjå til at saker som skal behandlast politisk, er godt  nok opplyste/utgreidde. Det er også kommunedirektøren  som set i verk vedtaka.

Administrasjonen skal gje sørvis til alle i kommunen ut frå det som til ei kvar tid er kommunen sine oppgåver.Dette gjeld indirekte ved å sørge for god og tilpassa produksjon av dei ulike tenestene. Administrasjonen utfører elles ei rad lovpålagte forvaltningsoppgåver.

Kontaktinfo

Sentralbordet
Telefon 61 36 94 00
Erlend Haaverstad
Kommunedirektør
E-post
Mobil 41 43 89 14

Opningstider

09.00-11.30 ope
11.30-12.00 stengt for lunsjavvikling
12.00-15.00 ope
 

Adresse

Vang kommune

Tyinvegen 4850
2975 Vang i Valdres