Kriterium
Det er visse vilkår i ekteskapslova som må vere oppfylte for at ein skal kunne gifte seg.
Ekteskapslova kapittel 1: Vilkår for å inngå ekteskap.
Rettleiing
Før de giftar dykk, må Skatteetaten sjekke om de oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap. Det vil seie at de må sende inn ein del skjema:
- Eigenerklæring
- Forlovarerklæring
- Erklæring om skifte dersom du har vore gift før
- Melding om endring av namn dersom du skal bytte namn
Det vil truleg vere ei viss behandlingstid, så start førebuing i god tid før bryllaupet
Skatteetaten: Ekteskap i norge.
Skatteetaten skriv ut ein såkalla prøvingsattest, som viser at de oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap.
Bestilling av vigsle
Etter at de har fått prøvingsattest frå skatteetaten, kan de ta nærare kontakt med kommunen.
De må ha gyldig legitimasjon for å tinge vigsel hos kommunen.
De må ha to vitne, jf. forlovarerklæring, som må vere til stades under seremonien.
I sjølve seremonien nyttar ein «Det borgarlege vigslingsformularet», som er ein tekst som vigslaren les opp. Seremonien kan etter nærare avtale tilpassast med til dømes tekst og musikk i tillegg.
Kommunen sender deretter vigselsmelding til Folkeregisteret innan tre dagar etter bryllaupet med kopi til brureparert. Meldinga er førebels vigselsattest inntil vigseldsdokumentet kjem frå Folkeregisteret.
Me oppfordrar til å bruke E-dialog for sikker sending av dokument som inneheld sensitive opplysningar.
Skjema for bestilling av tid til vigsel
Kontakt kommunen gjennom E-dialog
Vigselsstad og pris
Tilbodet er gratis dersom minst ein i paret bur i Vang. Dette gjeld sjølv om du for tida er busett i utlandet. Vigslar gjennomførast då som hovudregel på kommunehuset i Vang mellom kl. 12-16 fredagar.
Ønskjer du å leggje seremonien til eit tidspunkt eller ein stad som krev meir tid av den kommunale vigslaren, må du rekne med å dekkje tilleggskostnader sjølv. Ta eventuelt kontakt for meir opplysningar og avtale.