E-dialog

Vang kommune har teke i bruk eDialog. Med eDialog kan du trygt sende oss brev elektronisk, sjølv om dei er unnateke offentlegheit.

Vi oppmodar til bruk av eDialog

E-post er ikkje ein sikker kanal for å sende informasjon. Uvedkomande kan få tilgang, e-post kan bli stoppa i søppelfilter og saksbehandlaren du ønskjer å nå fram til kan vere borte over tid. 
Vi vil difor oppmode alle om å bruke eDialog når dei skal sende noko til Vang kommune, også når det ikkje er unnateke offentlegheit.

eDialog sender informasjonen kryptert og er såleis langt sikrare enn vanleg e-post.

Framgangsmåte

Klikk her for å sende oss noko via eDialog.  

Du må autentisere deg i ID-porten, anten med bankID, bankID på mobil, minID, Buypass ID eller Commfides. 
Når du er logga på, fyller du ut skjemaet og lastar opp eventuelle vedlegg. 

Utfylling av skjema
Kryss fyrst av om du er privatperson eller sender som firma
Alle obligatoriske felt er merka med *
I tittelfeltet er det til hjelp om du sett på saksnummer dersom du sender inn noko i samband med ei pågåande sak.
Skriv utfyllande kommentar knytt til sendinga. Om du sender med vedlegg, vil det du skriv i kommentarfeltet bli lagt inn som vedlegg i sak- og arkivsystemet vårt.
Når du klikkar på 'Send forsendelse' blir brevet ditt kryptert og sendt direkte inn i sak- og arkivsystemet vårt.
Du får ei kvittering med referansenummer på e-post.

NB!

Du skal ikkje bruke eDialog om vi har elektroniske skjema til føremålet, t.d. søknad om plass i barnehage, SFO, søknad på stilling m.m.

Sjå oversikt over alle våre elektroniske skjema