Vang kommune sender fakturaer og purringer digitalt. Før vi sender faktura søker vi etter deg i ulike digitale kanalar. Om vi ikkje finn deg i nokon av dei digitale kanalane, blir fakturaen sendt deg i papirformat.
Vi søker etter deg i denne rekkefølga:
1. avtalegiro
2. eFaktura
3. Vipps Regning
4. Digital postkasse
5. E-post
6. Blankett/papir
Vang kommune kan ikkje påverke kva slags kanal du vil motta fakturaen i, det må du velje sjølv i nettbanken eller i di digitale postkasse.
Papirblanketten har ikkje girodel og kan difor ikkje nyttast som brevgiro. Om du likevel ynskjer å nytte brevgiro må du fylle ut ein tom giroblankett. Tomme bankgiroblankettar kan du få i banken eller du kan få tilsendt frå Vang kommune.