Vang kommune kan ikkje påverke kva slags kanal du vil motta fakturaen i. Det må du sjølv velje i nettbanken din.
Rekkefølga er slik:
1. avtalegiro
2. eFaktura
3. Vipps Regning
4. Digital postkasse innbyggjar
5. E-post
6. Blankett/papir
Den nye papirblanketten har ikkje girodel og kan difor ikkje nyttast som brevgiro. Om du likevel ynskjer å nytte brevgiro må du fylle ut ein tom giroblankett. Tomme bankgiroblankettar kan du få i banken eller du kan få tilsendt frå Vang kommune. Informasjon som må fylles ut er:
- beløp
- betalarens bankkontonummer
- betalt av
- betalt til
- kundeidentifikasjon (KID)
- kroner og øre
- til konto
Har du spørsmål knytt til dette kan du sende ein e-post til okonomi@vang.kommune.no eller ringe sentralbordet på 61 36 94 00
Her finn du ein informasjonsvideo om elektronisk fakturadistribusjon