Generelt om beredskap i Vang kommune

Den kommunale kriseleiinga arbeider alltid som supplement til ordinære redningsressursar.

Innbyggjarar har sjølv ansvar for å sikre seg mot uønska hendingar. Alle bør ha mat og drikke for fire til seks dagar i høve straumstans eller andre hendingar som kan råke oss.

Hensikta med kommunal samfunnstryggleik- og beredskapskarbeid er å leggje til rette for trygge lokalsamfunn og sjølvhjulpne innbyggjarar.

Kommunen har eit generelt og grunnleggjande ansvar for å halde velferda og tryggleiken til innbyggjarar, gjennomreisande og besøkande i hevd. Kommunen utgjer slik det lokale fundamentet i den nasjonale beredskapen.

- I ein beredskapssituasjon skal den kommunale forvaltninga løyse oppgåver dei elles ikkje arbeidar med. Samtidig skal viktige samfunnsfunksjonar, til døme vatn, avlaup eller helsetenestar, driftast.

- I ein krisesituasjon har rådmann og ordførar fullmakt til å setje i verk naudsynte tiltak for å avgrense eller handtere hendinga.

Du er ein del av beredskapen!

Vi tilrår at du set deg inn i kva du kan gjere for å vere førebudd på storm eller andre naturhendingar.

http://www.sikkerhverdag.no/din-beredskap

Nyttige ressursar som kan nyttast som informasjonssider ved varsel om fare for natur- eller samfunnshendingar: