SMS-varsling

I krisesituasjonar nyttar Vang kommune ei digital løysing for befolkningsvarsling på SMS. Det blir brukt når det er naudsynt å nå deg med viktig informasjon. Det kan være med på å redde liv og helse.

Varslingstenesta blir og brukt til å varsle om mindre alvorlege hendingar i kommunen, til dømes ved stengde vegar, brot i vassforsyninga, redusert vasskvalitet, vasstrykk, og liknande.

Melding blir send til alle som er registrert med adresse i Vang, og til eigarar av eigedom i kommunen. Det blir gjort oppslag i Altinn for bedrifter og i Folkeregisteret og Matrikkelen for privatpersonar.

Melding blir sendt som SMS til mobiltelefon. Om du berre har fasttelefon blir melding sendt som talemelding. Har du oppgitt e-postadressa di i offentlege register vil du òg få melding på e-post.

Veit vi om deg?

  • Du får melding dersom du har adresse eller har eigedom i Vang kommune
  • Du må ha mobiltelefon, fasttelefon eller e-post for å få varsling

Du får ikkje varsling dersom

  • mobiltelefon din er registrert på arbeidsgjevar
  • du har hemmeleg telefonnummer
  • du ikkje har oppgitt kontaktinformasjonen din i offentlege register
  • du har reservert deg i kontakt- og reservasjonsregisteret
  • du som pårørande får ikkje varsling

Har du adresse i Vang eller eig eigedom i vang, vil alle telefonnummer som du er eigar av få varsel.

Sårbare abonnentar/verksemd som;

  • tannlege og lege
  • alders- og sjukeheim
  • barnehage og skule
  • frisør
  • veterinær og dyrehald
  • næringsmiddelverksemder

eller andre som er avhengig av vassforsyning, får melding om hendingar til telefonnummer og e-post som er oppgitt i enhetsregisteret. Du som tilsett får ikkje melding.

Du kan registrere deg for å få informasjon

Har du aldri motteke SMS-varsling frå Vang kommune, anbefaler vi at du undersøker om informasjon om deg er korrekt.

Kontroller adressa di i folkeregisteret

Kontroller kontaktinformasjonen din på Norge.no

Tilleggsregisteret

Tilleggsregisteret kan nyttast om du ynskjer å få melding på ei anna adresse enn den du er oppført på, til dømes adressa til arbeidsgjevaren din, nokon du er pårørande til, eller ei adresse du ofte oppheld deg på. Hugs at du sjølv må oppdatere informasjonen i tilleggsregisteret.

Registrer deg i tillegsregisteret: varslemeg.no

Hemmeleg nummer

Har du hemmeleg nummer må du registrere det i tilleggsregisteret for å få melding. Kryss av for "hemmeleg nummer" om du vil skjule informasjon som blir loggført. Då er ikkje nummeret ditt synleg for dei tilsette i kommunen. 

Registrer deg i tillegsregisteret: varslemeg.no

Les meir: Varsling24.no