Barn og unge som pårørande

I Valdres har det vore stort fokus på dette, det har vore fagdag og temakveld der det var stor interesse og veldig bra oppslutning.

Barn som pårørande er i mange kategoriar og dei kan ha:

  • foreldre og sysken med rus og alkoholmisbruk,
  • foreldre og sysken med alvorlig diagnose som f.eks. kreft
  • foreldre og sysken med psykiske lidingar.

Forsking viser at barn vil ha informasjon og vite. Fantasien er ofte vondare enn virkelegheita.
"Barn som pårørande", i barnehage og skule har stor innvirkning på deira kvardag.

Barn melder frå når ting er vanskeleg på sin naturlege måte når det ikkje klarar å setja ord på kva som er vanskeleg ved åtferdsendring:

  • dei kan bli meir sinte
  • bli utagerande
  • trekkje seg bort for seg sjølv
  • det blir vanskeleg å konsentrere seg om lekser på skulen og om leik og læring i barnehagen.

Vi som vaksne profesjonelle må væra konkrete og spørja barnet direkte og væra tilstade for dei. I nokon tilfelle snakkar barna med ein gong, i andre tilfelle må dei ha tid på seg for å opne seg. Det er stor hjelp for barna berre å vite at dei har mogelegheita til å snakka med den vaksne som tok opp temaet. Det kan væra nok å seia at "eg ser at du har det vanskeleg...".

Foreldre oppfordrast til å ta kontakt med barnehagepersonell og lærarar for å informere om familiesituasjonen om noko er vanskeleg. På den måten kan vi saman gjera kvardagen lettare for barnet.
Forsking viser at kvardagen blir lettare å klare når barna har vaksne rundt seg som dei veit at dei kan prate med. Det er eit vaksenansvar, både heime og i barnehage og skule.

Det skal også opprettast "treffpunkt " i februar / mars -18- der barn som pårørande får møtast som friske pårørande og er diagnoseuavhengig.

Ta gjerne kontakt om det er noko de ynskjer meir informasjon om

Kontaktinfo

Kristina Heensåsen
Kontaktperson i Vang
Hege Birketvedt Eklund
Kreftkoordinator i Valdres
Telefon 92 66 51 49