FolkehelseFolkehelse er helsetilstanden og korleis helsa fordeler seg i befolkningen. Det er samfunnet sin innsats for å påverke faktorar som direkte eller indirekte fremjar helse og trivsel i befolkningen.Helse er ikkje berre fråvær av sjukdom, men også fysisk, psykisk og sosialt velvære. Ein kan vera sjuk i medisinsk forstand, men likevel trivast, meistre livet og oppfatte at helsa er god både med dei helseutfordringar og krav livet gir. Folkehelselova Den nyaste folkehelselova frå Helsedirektoratet vart teke i bruk i 01.01.2012. Med denne lova fekk kommunane ansvar for folkehelse. Formålet med lova er å nå ei samfunnsutvikling som fremjar helse, trivsel, gode sosiale og miljømessige tilhøve og medverke til å forebyggje psykisk og somatisk sjukdom, skade eller lidingar. Vidare er målet å medverke til utjamning av sosiale helseforskjellar og å hjelpe til med å verne innbyggjarane mot faktorar som kan ha negativ innverknad på på helsa. Sosiale helseskilnader Helseskilnader følgjer sosiale, økonomiske, geografiske og etniske kategoriar; som utdanning, yrke og inntekt. Folkehelseoversikt Ei tverrfagleg samansett arbeidsgruppe i Vang kommune har hatt ansvar for utarbeiding av Folkehelseoversikt 2020. Oversikten skal identifisere folkehelseutfordringar i kommunen og vurdere årsakstilhøve og konsekvensar. Det skal lagast eit samla oversiktsdokument kvart fjerde år som skal liggje til grunn for det langsiktige systematiske folkehelsearbeidet. FOLKEHELSEOVERSIKT 2020, Vang - ferdig, april 2020 (PDF, 4 MB) Fysisk aktivitet Fysisk aktivitet er ein viktig del av folkehelsearbeidet, og det gjeld alle aldrar. Helsegevinsten som forsking visar til, er 50 % redusert risiko for å få hjarte- kar sjukdomar, 30 % redusert risiko for auka blodtrykk, 50 % redusert risiko for å utvikle diabetes to, 10 – 50 % redusert risiko for kreft, betydeleg redusert risiko for muskel – og skjelettlidingar og psykiske lidingar. Tilrådinga for fysisk aktivitet for vaksne folk som er inaktive, er minst 30 minutt fysisk aktivitet per dag med fokus på moderat intensitet. Det vil seie aktivitet som får deg til å puste litt meir enn vanleg, til dømes rask gange. Desse 30 minutta kan gjerne delast opp i mindre bolkar med ei lengd på 5 – 10 minutt. For moderat aktive vaksne bør ein nok auke både intensitet og varighet meir for å få ein auka helsegevinst. Sist endra 20.03.2024 15.12