Målgruppe for tenesta
Innbyggjarar i alle aldrar som pga. skade, sjukdom eller nedsett funksjonsevne har vanskar med å utføre daglege aktivitetar innanfor heimen, barnehage/skule, arbeid og/eller fritid.
Meir om tenesta
Gjennom trening, rettleiing og tilrettelegging, evt med bruk av hjelpemidler, bidra til betra funksjon, sjølvstende og livskvalitet.
- Kartlegging av funksjonsnivå
- Funksjonstrening og trening i daglege aktivitetar
- Formidling av tekniske hjelpemidler
- Tilpasning av bustad
- Tilrettelegging av arbeidsplass / skule / barnehage
- Førebyggjande helsearbeid
- Rettleiing, tverrfagleg samarbeid, ansvarsgrupper
- Sakshandsaming og planarbeid
- Kvardagsrehabilitering
Alle som bur eller oppheld seg i kommunen kan ta direkte kontakt med ergoterapeuten. Det er ikkje naudsynt med søknad eller henvisning / rekvisisjon frå lege.
Dersom du tek kontakt på vegne av andre enn deg sjølv må det vera eit samtykke.