HjelpemiddelKommunen er (med)ansvarleg for formidling og utlån av tekniske hjelpemiddel, både for kortare og lengre behov. For behov for hjelpemiddel i kortare periodar (inntil 2 år) har kommunen eit korttidslager. Lageret på Vangsheimen har eit utval av dei mest vanlege hjelpemidla for rørslehemma. Lageret er tilgjengeleg måndag-fredag 08.30 – 15.30. For behov over 2 år har NAV Hjelpemiddelsentral ansvar for alle typer hjelpemiddel. Dette er hjelpemiddel m.a. innan rørsle (inkl. bil), syn, høyrsel, kognisjon og kommunikasjon. Det er og mogleg å søke om hjelpemiddel til tilrettelegging av arbeidsplass. Dette gjeld både for offentlege og private verksemder. Dersom du har behov for enkle reparasjonar eller sørvis på hjelpemidler kontakt vaktmeister Terje Eldegard på telefon 416 92 904 i tidsrommet 8.30 - 15.00 på kvardagar. Korleis går eg fram? Kontakt ergoterapeut, fysioterapeut eller vaktmeister ved behov for hjelpemidler frå kommunalt korttidslager. Kontakt ergoterapeut eller fysioterapeut dersom du har behov for hjelpemidler for langvarig bruk. Kontaktinformasjon syns- og hørselshjelpemidlar Synskontakt: tlf. 61 36 95 20 (Uppigarden) E-post: Hørselskontakt: Ann-Veronica Bjørnstad, tlf 61 36 95 20 (Uppigarden) E-post: ann.veronica.bjornstad@vang.kommune.no Hjelpemiddel NAV NAV: Hjelpemidler og tilrettelegging Sist endra 27.02.2024 12.39