Målgruppe for tenesta
Innbyggjarar i Vang kommune som på grunn av funksjonshemming, sjukdom eller skade treng ein annan bustad, og dette behovet ikkje kan dekkjast i privat marknad.
Meir informasjon
Omsorgsbustad blir tildelt etter vurdering av din livssituasjon. Søkjaren som blir prioritert, blir vurdert å ha størst behov. Du kan bli sett på venteliste, men det er søkjar med størst behov på det tidspunktet det er ledig bustad som blir prioritert uavhengig av søknadstidspunkt.
Bustaden har ikkje fast bemanning, og andre omsorgstenester må søkjast om individuelt. Bustaden har ikkje vaktmesterteneste. Kommunen brøyter og strør vegen til bustaden. Felles grøntareal blir stelt i sommarhalvåret.
Du betaler sjølv utgifter til straum, oppvarming, telefon og forsikring av eige innbu. Kommunen si forsikring dekkjer berre det som kommunen eig.
Det er ikkje tillate med dyrehald i omsorgsbustadane.
Nøkkel til bustad får du på kontoret på Vangsheimen når du skriv under på husleigekontrakt. Bustaden skal vera rein og i fullgod stand når du flytter inn.
2 husvære i rekkehus med gang, bad, soverom og ope løysing mellom kjøken og
stove. Veranda og garasje
6 omsorgsbustader på eit tun. Kvart husvære har gang, bad, soverom og ope
løysing mellom kjøken og stove. Bustaden er utforma for å kunne lette kvardagen din.
7 omsorgsbustader bygd med felles innvendig gang, felles kjøken og
opphaldsrom. Kvart husvære har gang, bad, soverom og ope løysing mellom kjøken og stove.
Bustaden er utforma for å kunne lette kvardagen din.
Søknad
Søknadsskjema kan du laste ned her, eller du kan kontakte Institusjons- og heimebaserte tenester.
Søknadsskjema
Søknaden sender du per post:
Postadresse:
Vang kommune
Institusjons- og heimebaserte tenester
Tyinvegen 5150
2975 Vang i Valdres
Søknad kan ikkje sendast på e-post grunna personvernet
Du har klagerett j.fr. Pasient og brukerrettighetsloven kap.7 §7-2 og Forvaltningsloven §§28,29.
Du kan sende klaga til den instansen som har fatta vedtaket innan 4 veker etter motteke vedtak.