Korttidsopphald, avlastingsopphald, tryggleiksplassKorttidsopphald i sjukeheim er eit døgnkontinuerleg pleie- og omsorgstilbod, som er tidsavgrensa. Korttidsopphald Målgruppe for tenesta Korttidsopphald er til personar som har behov for døgnkontinuerleg behandling, rehabilitering, utgreiing, lindrande behandling m.m, som ikkje kan gjennomførast i eigen heim. Meir om tenesta Tenesten omfattar: medisinsk behandling og pleie observasjon og utgreiing etterbehandling etter sjukehusopphald opphald for å gje solsial stimulering og oppretthalde/betre funksjonsnivå rehabilitering pleie og omsorg ved livets slutt. Avlastingsopphald Avlasting er eit tiltak som blir gjeve til ulike målgrupper, og avlasting kan gjevast både i og utanfor heimen. Avlasting er meint for å hjelpe den pårørande:til å ha høve til å delta i samfunnet på normalt vis, hindre utmatting, gje høve til ferie og rom for normal fritid, gje tid til å ivareta familierelasjonar og sosialt nettverk. Målgruppe for tenesta Avlastning er eit tilbod til familiar og enkeltpersonar som har langvarig og tyngande omsorgsansvar. Meir om tenesta Avlasting kan gjevast som: Avlasting i privat heim Dagtilbod Avlasting i institusjon Vangsheimen Barneavlastingsbustad Tryggleiksplass Målgruppe Plassen er eit tilbod til eldre som bur i eigen heim og greier seg i kvardagen, men som av ymse grunnar opplever "her og no"-situasjonen som vanskeleg. Kriterier for tryggleiksplass Personen har behov for opphald i institusjon for ei kortare periode. Behovet i grunna i einsemd eller tryggleik. Tryggleiksplassen gjev opphald inntil 14 dagar. Vangsheimen har ein tryggleiksplass. For alle tenestene Søknad Søknadsskjema kan du laste ned her, eller du kan kontakte Institusjons- og heimebaserte tenester. Søknadsskjema Søknaden sender du per post: Postadresse: Vang kommune Institusjons- og heimebaserte tenester Tyinvegen 5150 2975 Vang i Valdres Søknad kan ikkje sendast på e-post grunna personvernet Klage Du har klagerett j.fr. Pasient og brukerrettighetsloven kap.7 §7-2 og Forvaltningsloven §§28,29. Du kan sende klaga til den instansen som har fatta vedtaket innan 4 veker etter motteke vedtak. Sist endra 10.10.2024 10.13