Avlasting i heimenAvlastning er eit tiltak for å hjelpe den pårørande/pasient/brukar. Tilbodet kan gjevast i og utanfor eigen heim, som til dømes ved eit dagtilbod. Avlastning er for å avlaste pårørande, slik at dei kan klare omsorgsoppgåva lengst mogleg, samt gje høve til å delta i samfunnet på normalt vis, hindre utmatting og gje tid til å ivareta familierelasjonar og sosialt nettverk. Målgruppe for tenesta Du/de har eit langvarig og tyngande omsorgsansvar, som òg høyrer til same husstand som pasient/brukar. Bistanden har så store omsorgsoppgåver at du/de som omsorgsperson ikkje har høve til å delta i samfunnet på normalt vis eller har rom for normal fritid/ferie/sosialt nettverk. Omsorgsarbeidet innebær mykje nattarbeid eller avbrot i nattesøvn. Omsorgsarbeidet er meir fysisk eller psykisk belastande enn vanleg. Lovheimel Tjenesten er heimla i Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester m.m.§3-1 og §3-2 nr.6 bokstav d. Avlasting er gratis. Søknad Søknadsskjema kan du laste ned her, eller du kan kontakte Institusjons- og heimebaserte tenester. Søknadsskjema Søknaden sender du per post: Postadresse: Vang kommune Institusjons- og heimebaserte tenester Tyinvegen 5150 2975 Vang i Valdres Søknad kan ikkje sendast på e-post grunna personvernet Klage Du har klagerett j.fr. Pasient og brukerrettighetsloven kap.7 §7-2 og Forvaltningsloven §§28,29. Du kan sende klaga til den instansen som har fatta vedtaket innan 4 veker etter motteke vedtak. Sist endra 13.02.2024 11.02