Dagtilbodet er tilrettelagt for at du skal få ein meiningsfull kvardag med gode augeblikk og kjensle av livskvalitet.
Gjennom sosialt samvær skal kvar einskild få moglegheit til å delta i eit sosialt fellesskap og oppleve meistring ved deltaking i ulike tilrettelagte aktiviteter i eit trygt miljø. Aktivitetane skal utformast etter kvar einskild sine evner, interesser og livshistorie.
Aktivitetar vi kan tilby er minnearbeid, høgtlesing, musikk, fysisk aktivitet, ulike spel, matlaging, husarbeid, enkle formings og sløydoppgaver og film/ kino.
Vi held til i fellesområdet i Storplogen omsorgsbustad.
Du blir henta med drosje heime og køyrt heim. På dagsenteret får du lunsj, middag og kaffe.
Opningstidar: onsdagar og fredagar kl. 9.30-15.30
Eigendel per dag er 105 kr.