HeimehjelpDu kan få tildelt praktisk bistand som heimehjelp og/eller praktisk opplæring slik at du kan bu heime, og førebygge behov for høgare omsorgsnivå. Arbeidsoppgåver brukarane sjølve ikkje kan utføre, vil bli prioriterte. Formålet er å yte hjelp til daglege, praktiske gjeremål i heimen og i tilknyting til hushaldinga. Målgruppe for tenesta Søkjarar som på grunn av alder, funksjonshemming, sjukdom eller andre årsaker har eit særleg behov for praktisk hjelp i heimen til daglege gjeremål. Kriterier for tenesta Tenesta blir tildelt etter individuell vurdering, og behovet blir vurdert fortløpande. Ein tek utgangspunkt i det den einskilde kan klare sjølv og den einskilde sin livsituasjon. Pris Betalingssatsar Heimehjelp/praktisk bistand Betalingssatsar Heimehjelp/praktisk bistand Inntekt Pris Inntekt inntil 2 G 230 kr pr. mnd. Inntekt 2 til 3 G 154 kr pr. time Inntekkt over 3 G 183 kr pr. time Søknad Søknadsskjema kan du laste ned her, eller du kan kontakte Institusjons- og heimebaserte tenester. Søknadsskjema Søknaden sender du per post: Postadresse: Vang kommune Institusjons- og heimebaserte tenester Tyinvegen 5150 2975 Vang i Valdres Søknad kan ikkje sendast på e-post grunna personvernet Klage Du har klagerett j.fr. Pasient og brukerrettighetsloven kap.7 §7-2 og Forvaltningsloven §§28,29. Du kan sende klaga til den instansen som har fatta vedtaket innan 4 veker etter motteke vedtak. Sist endra 13.02.2024 11.30