HukommelsesteamMålet med hukommelsesteamet er å vera med på å skape ein enklare og tryggare kvardag for personer med demens/kognitiv svikt og deira pårørande. Vi ynskjer å skape openheit om demens, og å arbeide for eit heilskapleg og tilrettelagt tilbod for den einskilde.Hukommelsesteamet er eit lågterskel-tilbod. Du treng ikkje tilvising frå lege for å nytte deg av denne tenesta. Vi vil ta kontakt med fastlege ved behov, då i samarbeid med deg og ofte din eller dine pårørande. Vi dreg ut på heimebesøk for samtale (både med deg åleine og ilag med pårørande), kartlegging og oppfølging. Sist endra 20.03.2024 15.21