TryggleiksalarmTenesta er for personar som på grunn av helsetilstand har behov for å tilkalle hjelp og/eller kjenner seg utrygge ved å bu åleine heimeInstitusjons- og heimebaserte tenster disponerer 50 tryggleiksalarmar.Vaktmester avtaler tid for montering direkte med deg.Du får montert nøkkelboks likt med alarmen.Alarmen blir kontrollert 1 gong i månaden.Du må gje beskjed om ekstra testing av alarmen din dersom du meiner den ikkje fungerer som den skal. Ver merksam etter tordevær etc.Alarmen skal du alltid bera på deg, og trykkje på ved behov.Det er heimetenesta, som rykker ut ved utløyst alarm. Søknad Søknadsskjema kan du laste ned her, eller du kan kontakte Institusjons- og heimebaserte tenester. Søknadsskjema Søknaden sender du per post: Postadresse: Vang kommune Institusjons- og heimebaserte tenester Tyinvegen 5150 2975 Vang i Valdres Søknad kan ikkje sendast på e-post grunna personvernet Klage Du har klagerett j.fr. Pasient og brukerrettighetsloven kap.7 §7-2 og Forvaltningsloven §§28,29. Du kan sende klaga til den instansen som har fatta vedtaket innan 4 veker etter motteke vedtak. Pris Betalingssatsar tryggleiksalarm Betalingssatsar tryggleiksalarm Leige Pris Leige pr. månad 395 kr Installasjon (eingongskostnad) 350 kr Sist endra 26.11.2024 08.44