HelsestasjonHelsestasjon for born, skulehelseteneste og helsestasjon for ungdom er lovpålagte helsetilbod til born og unge i alderen 0-20 år, og til gravide som går til svangerskapskontroll.Helsestasjons- og skulehelsetenesta skal vera lett tilgjengeleg og er ei gratis teneste.Tenesta følgjer born og deira familiar med helseopplysing, rettleiing, standardiserte undersøkelsar, vaksiner og anna målretta oppfølging på faste tidspunkt. Oppfølginga skal omfatte den fysiske og psykososiale utviklinga til bornet og bidra til gode oppvekstvilkår. I tillegg skal tenesta fange opp risikofaktorar, problem og skjeivutvikling, samt setje inn nødvendige forebyggande tiltak.Vi samarbeidar med barnehagane, skulane, psykisk helseteneste, miljøarbeidertenesta og tannhelsestenesta. Videre samarbeidar vi med dei interkommunale tenestane: pedagogisk-psykologisk teneste, barnevern, NAV og jordmortenesta. Helsestasjon 0 - 5 år + Helsestasjonen er ein del av kommunehelsetenesta som utøver helsefremjende og førebyggande helsearbeid mot born 0-5 år. Tenesta omfattar blant anna: - Heimebesøk til nyfødte - Grupper og individuelle konsultasjonar - Hjelp/råd ved amming - Rettleiing om dei grunnleggjande behova til bornet, vekst og utvikling - Samtale og rettleiing rundt det å vera foreldre - Vaksinering av born etter anbefalt vaksinasjonsprogram - Undersøking av born, henvising til samarbeidspartnarar/spesialistar - Oppfølging av born med spesielle behov - Oppfølging av familiar med vanskelege livssituasjonar - Smittevernarbeid - Helseopplysing - Foreldreførebuande kurs Skulehelsetenesta Skulehelsetenesta utøver helsefremjande og førebyggande arbeid retta mot elevar. Tenesten omfattar blant anna: -skulestartundersøking -Helseundersøking og rådgjeving/rettleiing med oppfølging/henvising ved behov -Førebyggande psykososialt arbeid -Oppfølging av elevar med spesielle behov -Samarbeid med skule om tiltak som fremjer godt psykososialt og fysisk lærings- og arbeidsmiljø for elevar -Undervising og bistand i gruppe/klasse/foreldremøter -Samarbeid om habilitering av elevar med spesielle behov, herunder kronisk sjuke og funksjonshemma. -Vaksinering av elevar etter anbefalt vaksinasjonsprogram. Kontaktperson for 1.-7. klasse: Katrine Høyne Kontaktperson for 8.-10. klasse: Katrine Høyne Helsestasjon for ungdom + Helsestasjon for ungdom omfattar rådgjeving, rettleiing, undersøking og behandling som er tilpassa behovet til ungdommen og blir gjeve på deira premissar. Tilbodet er gratis og rettar seg mot ungdom opp til 20 år. For tida er denne helsestasjonen lokalisert på Fagernes helsestasjon, tlf: 61359300 Helserådgjevar Valdres vidaregåande skule Helserådgjevar Valdres vidaregåande skule Sist endra 29.08.2024 08.10