Innsatsteam

Nokon barn og unge har det ikkje alltid så lett. Familiar kan av og til oppleva utfordringar i kvardagen. Kanskje treng dei litt ekstra oppfølging eller hjelp. Innsatsteamet er eit lågterskeltilbod som kan bidra i slike høve. Målet med innsatsteamet er å sikre tidleg og riktig tiltak for barn, unge og deira familiar. Målgruppa er familiar som ventar barn og/eller har barn og ungdom i alderen 0-18 år.

Innsatsteamet er eit tverrfagleg samansett team med faste deltakarar frå ulike fagområde, med ulik kunnskap og erfaring.

Innsatsteamet består av representantar frå:

  • Kommunepsykolog
  • Helsestasjon/skulehelsetenesta
  • Psykisk helseteneste
  • Tilrettelagte tenester
  • Skule
  • Barnehage
  • Pedagogisk-psykologisk teneste (PPT)
  • Barneverntenesta
  • Barne- og ungdomspsykiatrien (BUP)
  • Ved behov kallast andre samarbeidsinstansar inn

Anne Mette Thunshelle Opdal, barneansvarleg i psykisk helseteneste, er leiar for Innsatsteamet.

Søknad

Foreldre og ungdom over 16 år kan sjølv søke teamet om hjelp. Barnehage, skule og andre samarbeidsinstansar kan bistå med søknad. Innsatsteamet har møter kvar andre torsdag i månaden. Søknad skal leverast minst ei veke før møtet.

Søknadar skal sendast til: Innsatsteam ved Psykisk helseteneste, Tyinvegen 5151, 2975 Vang i Valdres.

Søknadsskjema

Saksgang

  • Søknad vert presentert i Innsatsteam ved søkjar.
  • Evalueringsmøte blir bestemt sammen med søkjar.
  • Forslag til tiltak drøftast av teamet.
  • Koordinator og samarbeidande instansar vert valt av teamet.
  • Koordinator tek kontakt med familien for vidare oppfylging.

Kontaktinfo

Anne Mette Thunshelle Opdal
Spesialsykepleier
E-post
Mobil 90 66 47 23