Øvre Valdres kommunepsykolog

Kommunepsykologtenesta er eit lavterskel behandlings- og oppfølgingstilbod. Tilbodet er retta mot ungdom og unge vaksne i alderen 13 – 25 år med milde til moderate rus og psykiske helseproblem og deira familiar.
​​

Du treng ikkje henvisning for å ta kontakt. Tenesta er gratis. Inntak skjer i samarbeid med kommunen sin psykiske helseteneste.

Psykologtenesta har og ansvar for system- og samfunnsretta arbeid, helsefremjande og førebyggande arbeid og rettleiing/fagstøtte til personell/tenester i Vang kommune, Vestre Slidre kommune og Øystre Slidre kommune.

Kontaktinfo

Emma Børhus Törmä
Kommunepsykolog
E-post
Telefon 94 86 36 15