Psykososialt kriseteam er eit tverrfagleg team som består av helsepersonell, prest og politi. Teamet yter psykososial førstehjelp ved kriser, ulykker og katastrofer. Det kan dreie seg om alvorlege, dramatiske og traumatiske hendingar som til dømes ved sjølvmord, ulykke eller drap, brå og uventa død, brå og uventa trussel på liv og helse.
Kven kan få hjelp?
Alle som bur eller midlertidig oppheld seg i Vang kommune kan få hjelp og støtte av kriseteamet. Det gjeld både den eller dei som er direkte berørte, pårørande eller vitne til hendingar. Psykososialt kriseteam er eit gratis lavterskeltilbod utan krav om søknad.
Målet med psykososialt kriseteam
Målet med psykososialt kriseteam er å bidra til at ramma og berørte enkeltpersonar, familiar og lokalsamfunn får tilbod om forsvarleg psykososial oppfølging og støtte dei første timane og dagane i etterkant av ei traumatisk hending. Kriseteamet har fokus på å normalisere livssituasjonen, mobilisere nettverk og å forebygge at traumatiske hendingar utvikler seg til psykiske langtidsskader. Teamet sørger for nødvendig oppfølging fram til ordinære tenester kan overta.
Korleis kan ein få hjelp av kriseteamet?
Kriseteamet kan kun aktiverast av leiinga i kommunen, legevakt, brannvern eller politi. Du kan sjølv ta kontakt med legevakt 116 117 om det er behov for psykososialt kriseteam.
Anna nyttig informasjon
Det finns mange frivillige organisasjosnar som kan tilby støtte og informasjon. Fleire har hjelpetelefonar, chat-tenester og støttegrupper som kan vere til god hjelp. Les meir på helsenorge.no