Brukarstyrt personleg assistanseBPA er ei alternativ organisering av praktisk eller personleg hjelp BPA bygger på prinsipp om brukarstyring, der pasient/brukar vert ein andelseigar i leverandørselskapet dei vel å nytte. BPA har ulike leverandørar som kommunen har avtale med, desse må nyttast. Det er kommunen som har ansvar for innhald i tenesten, men pasient/brukar som må styre si teneste med innsikt i lov- og regelverk som arbeidsmiljølov og hovedtariffavtale. Med BPA ordning vert heimen din arbeidsplassen til assistentane, og du forpliktar deg til å væra med assistent/assitentane dine på arbeidsleiarkurs. Hovudregel er at pårørande og andre nærståande som yter omsorg ikkje tilsettast som personlege assistentar. Meininga med BPA er å gje større fleksibilitet og færre tilsette for pasient/bruker å halde seg til. Pasient/brukar skal sjølv ha arbeidsleiarrolla, men kan etter avtale med kommunen/leverandør få hjelp til å leie ordninga. Målgruppe for tenesta Du har ei sterk funksjonshemming, som har behov for hjelp i dagleglivet- både i og utanfor heimen. Du må ha eit permanent/langvarig hjelpebehov av omfattande karakter, uavhengig av funksjonshemmingar, diagnose eller buform. Du bør sjølv ha moglegheit til å styre ordninga og vera eller tilsette sin arbeidsleiar, samt har ei eigarinnsikt i andelslaget. Søknad Søknadsskjema kan du laste ned her, eller du kan kontakte Institusjons- og heimebaserte tenester. Søknadsskjema Søknaden sender du per post: Postadresse: Vang kommune Institusjons- og heimebaserte tenester Tyinvegen 5150 2975 Vang i Valdres Søknad kan ikkje sendast på e-post grunna personvernet Klage Du har klagerett j.fr. Pasient og brukerrettighetsloven kap.7 §7-2 og Forvaltningsloven §§28,29. Du kan sende klaga til den instansen som har fatta vedtaket innan 4 veker etter motteke vedtak. Sist endra 13.02.2024 11.02