LedsagerbevisLedsagerbevis er ei ordning der formålet er å gje menneske med nedsett funksjonsevne moglegheit til å delta på lik linje med andre i ulike aktivitetar, utan å måtte betale dobbel pris/inngangsbillett for å ha med seg bistand.Ledsagerbevis kan i hovudsak nyttast ved tilstelningar/arrangement/transport der fylkeskommunen er takstmyndigheit eller har gitt stønad. Det nyttast òg godkjenning av ledsagerbevis i andre samanhengar, men dette er opp til kvar enkelt arrangør og er ikkje ei rettigheit. For å få ledsagerbevis må du ha dokumentasjon på behovet ditt frå lege eller andre innan helse- og omsorgsetaten i kommunen. Du må og ha eit passfoto. Ledsagerbeviset er tidsavgrensa. Tenesta er gratis. Målgruppe for tenesta Du treng ledsager/bistand for å være med på ulike arrangement, dette grunna i fysisk eller psykisk funksjonsnedsetting. Du som treng ein med deg for å komme deg ut på ulike aktivitetar for å hindre isolasjon. Søknad Søknadskjema får du ved å kontakte Institusjon – og heimebaserte tenester tlf. 61 36 95 30. Om ein annan søkjer på vegne av deg, må vedkommande ha fullmakt frå deg. Fullmakt skal leggast ved i søknaden. Råd, rettleiing og hjelp til å fylle ut søknaden kan du få hjå oss. Søknaden sendast Vang kommune Institusjon- og heimebaserte tenester Tyinvegen 5150 2975 Vang i Valdres. Sist endra 21.03.2024 12.44