Søknadsskjema får du ved å kontakte Vang kommune, eller på nettsidene til Vang kommune.
Vang kommune ber om at du legg ved vedtak om hjelpestønad frå NAV. Informasjon om dette finn du på nettsidene til NAV eller ved å kontakte ditt lokale NAV kontor.
Om ein annan søkjer på vegne av deg, må vedkomande ha fullmakt frå deg. Fullmakt skal ligge ved søknaden.
Råd, rettleiing og hjelp til å fylle ut søknaden kan du få av oss.
Last ned søknadsskjema
Les meir om hjelpestønad på NAV sine nettsider
Søknad sendast
Vang kommune
v/ Tildelingsteamet, Vangsheimen
Tyinvegen 5150
2975 Vang i Valdres
Søknad kan ikkje sendast elektronisk grunna personvernet.
Det blir utført IPLOS-registrering (individbasert pleie- og omsorgsstatistikk), som er lovpålagt. Søknaden blir individuelt behandla.
Tenesta nyttar elektronisk pasientjournal.
Det blir gjort ei skjønnsmessig vurdering, der omsorgsstønaden blir sett i samanheng med andre pleie og omsorgstenester.
Du får skriftleg avtale der det går fram kor mange timar du er tildelt og kva godtgjersla er.
Omsorgsstønaden skal evaluerast årleg, og du må søkje på nytt kvart 2.år.