StøttekontaktStøttekontakt er ei teneste som skal gje personar med særlege behov for hjelp ei meiningsfull fritid, dette etter pasient/brukar sitt behov, interesser og ynskje.Tenesten skal bidra til å fremje livskvalitet gjennom målretta fritidsaktivitetar, samt førebygge isolasjon.Tenesten er individuell og basert på enkeltvedtak.Tenesten er gratis. Målgruppe for tenesta Du treng hjelp til ei meiningsfull fritid, sosialt samvær og vennskapeleg rådgjeving og hjelp, grunna funksjonshemming, alder eller sosiale utfordringar Du treng bistand med følgje til kulturelle arrangement, besøk og andre sosiale aktivitetar. Praktiske gjeremål og transport er ikkje oppgåve til støttekontakten. Tenesta er gratis. Lovheimel Tenesta er heimla i Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester m.m.§3-1 og §3-2 nr.6 bokstav b Søknad Søknadskjema får du ved å kontakte Institusjon – og heimebaserte tenester tlf. 61 36 95 30 Om ein annan søkjer på vegne av deg, må vedkommande ha fullmakt frå deg. Fullmakt skal leggast ved i søknaden. Råd, rettleiing og hjelp til å fylle ut søknaden kan du få hjå oss. Søknaden sendast Vang kommune Institusjon- og heimebaserte tenester Tyinvegen 5150 2975 Vang i Valdres Klage Ein har klagerett j.fr. Pasient og brukerrettighetsloven kap.7 §7-2 og Forvaltningsloven §§28,29. Klagen sendas same instansen som har fatta vedtaket innan 4 veker etter motteke vedtak. Sist endra 21.03.2024 11.20