Valdres brann- og redningstjeneste IKSValdres brann- og redningstjeneste er eit interkommunalt selskap (IKS), der Vang kommune er ein av eigarane. Selskapet har ansvar for brannberedskapen i Vang kommune.Nettsider: Valdres brann- og rendningstjeneste IKSSpørsmål om løyve til brenning av bål, fyrverkeri og liknande, kan rettast til leiar førebyggande eller brannsjef. Registrering av bålbrenningSøknader og skjemaFeiing og tilsynValdres brann- og redningstjeneste IKS utfører feie- og tilsynstjenester for Vang kommune.Feietenesta blir gjennomført etter forskrift om brannforebygging kapittel 4. Piper skal feiast etter behov. Kommunen skal føre tilsyn og vurdere behovet for feiing i kvar einskild pipe. Det betyr at feiing ikkje blir utført kvart år. Kommunen har og ansvar for feiing og tilsyn med fyringsanlegg i fritidsbustader.Vang kommune fakturerer feie- og tilsynsgebyr kvart år som ei á konto betaling, i staden for at det blir ein større faktura etter kvart besøk. Ved spørsmål om feiing eller klage på utført teneste må du kontakte Valdres brann- og redningstjeneste IKS.Gebyr for feiing og tilsyn med fyringsanleggLes meir om feiing og tilsynSøknad om fritak frå feie- og tilsynsgebyrForskrift om brannforebyggingMin Eiendom