Når kan kommunen gje dispensasjon?
Kommunen kan vurdere å gje dispensasjon dersom omsynet bak føresegna det vert dispensert frå, ikkje vert sett vesentleg til side. I tillegg skal fordelane ved å gje dispensasjon vere klart større enn ulempene etter ei samla vurdering. Kommunen kan setje vilkår for dispensasjonen, og kan vere tidsgrensa eller permanent.
Dispensasjonssøknad
Søknad om dispensasjon kan anten fremmast som eigen søknad, eller saman med søknad om løyve til tiltak. Søknaden skal grunngjeva kvifor det er grunnlag for dispensasjon, jf. punktet ovanfor. Argument som personlege høve slik som ynskje om større plass, sjukdom eller liknande vil vanlegvis ikkje vere grunn nok. Fordelane bør knytast til offentlege omsyn.
Gebyr
Gebyr for behandling av søknader finn du
her