Dersom du finn at tiltaket ikkje er søknadspliktig (jf. pbl § 20-5), informerer du kommunen gjennom å sende inn meldingsskjema med situasjonskart
Dersom du finn at tiltaket er søknadspliktig (jf. pbl §§ 20-3 og -4) – trykk her for å finne søknadsskjema
Viktig å hugse: Tiltak i strid med plan- og bygningslova, kommune- eller reguleringsplaner er alltid søknadspliktige. Du finn kommune- og reguleringsplaner i kartløysinga Valdreskart (lenke til kartside). Ved terrengarbeid må du sjekke om det ligg ledningar i grunnen – du kan ikkje endre terreng over ledning utan samtykke frå ledningseigar. Om eigedomen ligg mot veg og det ikkje er byggegrenser i kommune- eller reguleringsplaner, gjeld veglovas byggegrenser. Kontakt vegvesenet om du er i tvil. Det er ikkje krav om nabovarsling, men vi rår likevel å underrette naboar om tiltaket.