Søknad om igangsettingstillating skal behandlast av kommunen innan 3 veker.
Søknad om midlertidig brukstillating skal behandlast av kommunen innan 3 veker.
Ferdigattest skal skrivast ut av kommunen innan 3 veker etter at kravet er motteke saman med naudsynt dokumentasjon.
Søknad om endring av tillating til tiltak og søknad om endring av rammetillating skal avgjerast av kommunen innan 3 veker, dersom dei oppfyller unntaka over. Saksbehandlingsfristen på ein endringssøknad skal altså vurderast for seg sjølv, og er uavhengig av fristen som gjaldt for den opphavlege søknaden. Dersom endringssøknaden ikkje oppfyller alle unntaka over, vil søknaden ha ein normal saksbehandlingstid på 12 veker.
Kjelder:
Plan- og bygningsloven § 21-7
Byggesaksforskriften § 7-1