Drift og vedlikehald

Vedlikehald av kommunale bygg

Alt vedlikehald av kommunale bygg skal meldast inn og vert leia av avdelingsleiar bygg og veg.

Mindre vedlikehald som brukarar og leigetakar ikkje kan gjera sjølv, blir take fortløpande. Større behov for vedlikehald blir take etter ei prioritering av andre naudsynte tiltak.

Når akutte ting oppstår kan leiar kontaktast, eller Landbruk og teknisk etat på telefon  61 36 94 70.

Vedlikehald av kommunale vegar

Kommunen har ansvar for drift og vedlikehald av kommunale vegar. Fylkeskommunen har ansvar for fylkesvegar og staten for riksvegar.

Tenesta skal sikre framkomelegheit, trygg ferdsel og ivareta miljø- og samfunnsinteresser. Kommunen kan stenge ein veg dersom vær- og føreforhold tilseier at den ikkje kan vera open.

Vintervedlikehald av kommunale vegar er sett ut til eksterne entreprenørar, som har ansvar for drift og vedlikehald. Ved feil eller andre førespurnader skal kommunen kontaktast.

Kontaktinfo

Ove Martin Stende
Avdelingsleiar drift og vedlikehald
E-post
Mobil 95 04 50 55