Deling av eigedom

Ynskjer du å dele eigedomen din (skilje ut ei byggetomt), må du søke om å opprette ny eigedom som får eige gards- og bruksnummer.

Å opprette ny eigedom skjer i to trinn/prosessar

  1. Løyve til å opprette ny eigedom skjer etter plan- og bygningsloven (pbl) og eventuelt jordlova. Saksbehandlingsfristen er 12 veker frå kommunen har motteke ein komplett søknad.
  2.  Delingsløyve blir gjennomført etter matrikkellova (ml), gjennom ei oppmålingsforretning; med partar til stades vert grensepunkt merka, bruksrettar avklara og protokoll ført. Nye grenser blir lagt inn i eigedomsregisteret (Matrikkelen) og nytt gards- og bruksnummer tinglyst. Matrikkelbrev for ny eigedom blir sendt eigar og andre partar med 3 vekers klagefrist. Saksbehandlingstida frå delevedtak etter plan- og bygningsloven og eventuelt jordlova til utsendt matrikkelbrev er 16 veker. Kommunen har vinterforskrift frå 01.11-15.05; det betyr at for gjennomføring av delingsløyve eller rekvisisjonar (bestilling) av oppmåling i denne perioda gjeld ikkje 16-vekers fristen.


Etter at det er gitt løyve til deling etter plan- og bygningsloven  (1.) går saka automatisk vidare til oppfølging etter matrikkellova (2.) , med mindre det er søkt om utsett oppmålingsforretning

Lenker

Søknadsskjema  (PDF, 263 kB)

Plan- og bygningsloven (pbl)

Jordlova

Matrikkellova (ml)