Samanslåing av eigedom

Samanslåing av eigedomar er regulert av matrikkellova § 18 og matrikkelforskriften § 43. Krav om samanslåing skal du sende kommunen på eige skjema.

Samanslåing av eigedomar krev normalt at eigedomane grenser til kvarandre. Dei må ligge i same kommune. Eigedomane må i tillegg ha same eigar, og det må ikkje kvile hefte på eigedomane som gjev prioritetskonflikt mellom panthavarane.

Seksjonerte sameige kan slåast saman, men krev at den samanslegne eigedomen blir etablert som eit nytt sameige med alle dei opphavlege seksjonseigarane som sameigarar.

Samanslåing av eigedomar er gebyrfritt, og krev ikkje oppmålingsforretning.

Lenker

Søknadsskjema  (PDF, 263 kB)

Kart

Matrikkellova (ml)