Bygdeutviklingsmidlar er bevilga via jordbruksavtalen, og skal nyttast til næringsutvikling i landbruket. Oppland fylke har utarbeidet næringsstrategiar som gje rammer for bruk av midlane.
Innovasjon Norge gjer tilskott til investeringar i driftsbygningar (tradisjonelt landbruk). Til unge gardbrukarar under 35 år kan få tilskott ved generasjonsskifte til mindre investeringar med ei kostnadsramme på 1. mill kr
For Oppland fylke kan det tildelast tilskott inntil 15 % av godkjent kostnadsoverslag. Maksimalt 1 000 000,- kroner i tilskudd
Ein kan og søkje tilskott til bygdenæringer for dei som ynksjer å utvikle tilleggsnæringar til det tradisjonelle landbruket. Nedanfor finn du dei ulike ordningane:
Ideavklaringsfasen:
Denne fasen omfattar aktivitetar som naturleg inngår i avklaring og utvikling av sjølve forretningsidéen. Det kan være marknadsundersøkjingar, utarbeiding av ein forretningsplan og planlegging av sjølve etableringa. Du kan få støtte til eksterne kostnader i samband med nyhetssøk, enkel marknadsutgreiing, produktutvikling, konsulentbistand og relevante kurs, reiser og nettverksbygging med meir.
Maksimalt 300 000,- kroner i idéavklaringsfase, normalt inntil 50 % av godkjente kostnader.
Etableringsfasen:
Oppstart av ny virksomheit. Omfatter utvikling av teneste/produkt frem til marknadsintroduksjon. Testsal, produktutvikling, konsept- og produktutvikling, mindre fysiske investeringar, marknadsundersøking, marknadsføring av nye produkt, kompetanse byggjing og konsulentbistand.
Maksimalt 300 000,- kroner i idéavklaringsfase, normalt inntil 50 % av godkjente kostnader
Bedriftsutviklingstilskot:
Vidareutvikling av prosjektet. Kan få tilskott og lån om du har eit lønnsomt prosjekt. Omfattar, investeringar i faste anlegg og tilhørende produksjonsutstyr, produktutvikling, kompetanseoppbygging, nettverksbygging, marknadsundersøkjingar, testsal og markadsføring av nye produkt o.l
Tilskott inntil 50 % av godkjent kostnadsoverslag
Ynskjer de meir informasjon kontakt landbrukskontoret eller les meir http://www.innovasjonnorge.no/no/landbruk/