Innmålingsinnstruks

Innmålingsinstruksen  gjeld alle kommunale og private vatn- og avløpsanlegg der kommunen skal motta innmålingsdata. Føremålet er å oppretthalde eit oppdatert leidningskartverk med tilstrekkeleg nøyaktigheit. Instruksen må være oppfylt før vatn og avløpsanlegg kan overtakast. Innmålingsinstruksen med vedlegg set krav til korleis innmåling av vatn- og avløpsanlegg med tilhøyrande konstruksjonar skal utførast.

Rettleiing

  • Vedlegg A i "Innmålingsinstruks vann og avløp" skildrar kva som skal registrerast i ei innmålingsfil, og kva som er gyldige verdiar for desse felta.
  • Vedlegg B skildrar kva som skal leverast til Vang kommune digitalt.
  • Vedlegg C viser mal for kumkort

Innmålingsinnstruks med vedlegg

Ved å klikke på lenkene over kjem du til sjølve innmålingsinstruksen som inkluderer vedlegg A (Spesifikasjon innmålingsfil), vedlegg B og C. 

Kontaktinfo

Henrik Holen
Avdelingsingeniør vatn og avløp
E-post
Telefon 46 85 76 97