Private avløpsanlegg

Før etablering av nye, eller vesentleg endring av eldre avløpsanlegg, må du søke om utsleppsløyve.

Korleis velje rett løysing?

Grunnforhold på eigedomen, avstand til vasskjelde og ulike brukarinteresser (badeplassar, rekreasjonsområde  esv.) bestemmer kva  avløpsløysning som bør veljast, og kvar avløpsanlegget kan plasserast. Avløpsanlegget og utsleppet må ikkje bli til ulempe for omgjevnadane. Du må kontakte eit nøytralt fagkyndig firma som kan gjennomføre grunnundersøkingar, prosjektere anlegget og sende inn søknad om utsleppsløyve.

Informasjon om ulike avløpsanlegg og kostnadsvurdering: avlop.no

Rettleiar for utsleppssøknad kapittel 12 (PDF, 204 kB)

Krav til ulike typar avløpsanlegg og regelverk

Alle anlegg skal prosjekterast etter gjeldande forskrifter, NS-standardar og VA-miljøblad, og avvik frå desse skal skildrast.

Søknad og informasjon om sakshandsaminga

Før bygging av anlegg eller oppgradering av gamle anlegg kan setjast i gang skal det ligge føre:

  • Godkjend søknad om utsleppsløyve etter forureiningsforskrifta.
  • Godkjend byggesøknad etter plan- og bygningsloven.

Eigar må få bistand frå nøytralt fagkyndig firma til å utarbeide og sende inn søknad om utsleppsløyve. Nabovarsel for avløpsanlegg har fire veker svarfrist. Søknad om utsleppsløyve har inntil seks veker sakshandsamingstid. Søknaden vil ikkje bli handsama før komplett søknad med tilhøyrande vedlegg er motteke hjå oss.

Søknadsskjema for utsleppsløyve

Komplett søknad sender gjennom eDialog eller i vanleg post.

Send søknad elektronisk: eDialog

Merk søknaden med gards- og bruksnummer.

Rettleiar for utsleppssøknad kapittel 12.  (PDF, 159 kB)

Vedlegg til søknaden

Søknaden er ikkje rekna som fullstendig før alle nødvendige vedlegg ligg føre. Manglar det vedlegg, kan ikkje kommunen behandle søknaden. Nedanfor finn du ei oversikt over nødvendige vedlegg med forklaring og eventuelt malar.

Vedlegg

A. Namn på nøytral fagkyndig (person/firma) som har hjelpt til med val av reinsemetode og/eller dokumentasjon av reinsegrad 

  • Her skal du føre opp kven (nøytral fagkyndig person) som har hjelpt deg med utforming og dimensjonering av reinseanlegg, og dokumentasjon av reinsegrad. Ver merksam på at dokumentasjon av reinsegraden til anlegget skal vere utført av ein nøytral fagkyndig 
  • Dersom du skal installere eit ferdigprodusert minireinseanlegg, må dette vere testa i samsvar med NS-EN 12566-3. Sjekk at reinsegraden som er ført opp på CE-merket til minireinseanlegget, tilfredsstiller reinsekravet for ditt utslepp (du har ført opp reinsekrav under punkt 5).  
  • For alle andre reinseløysingar må du dokumentere at du har nytta anerkjend dimensjonering og utforming.  

Mal for vedlegg A til utsleppssøknad (ODT, 15 kB)

 

B. Grunngiving for ønske om unntak frå standardreinsekrav §§ 12-8 til 12-9 / lokale reinsekrav eller relevant dokumentasjon 

  • Dersom du søkjer om unntak frå reinsekrav, skal du grunngi dette særskilt. Ver merksam på at dersom du søkjer om unntak, gjeld ikkje kommunen sin saksbehandlingsfrist på seks veker.

 

C. Dokumentasjon av reinsegrad, jamfør § 12-10, og beskriving av anlegg 

  • Ver merksam på at dokumentasjonen skal vere utført av nøytral fagkyndig. Vedlegget skal også innehalde ei beskriving av anlegget (type/modell/leverandør og så vidare) og korleis det skal drivast.  

Mal for vedlegg C til utsleppssøknad (ODT, 45 kB)

 

D. Plassering av avløpsanlegg, utsleppsstad, eigedomsgrenser og vegtilkomst (for slamtømming, vedlikehald og så vidare) på kart i målestokk 1:5000 eller større

Mal for vedlegg D kart til utsleppssøknad (ODT, 250 kB)

 

E. Liste over eigedommar som er tilknytte avløpsanlegget med gardsnummer, bustadnummer og adresse  

  • Dersom du skal knyte deg til eit eksisterande reinseanlegg, må du leggje ved ei liste over kva bygningar som allereie er tilknytte anlegget. Gardsnummer og bustadnummer for desse bygningane får du ved å kontakte kommunen. Dersom det ikkje er fleire bygningar knytte til anlegget, skal du setje kryss i boksen «ikke relevant» i søknadsskjemaet.  

Mal for vedlegg E Kart til utsleppssøknad (ODT, 245 kB)

 

F. Oversikt over interesser som søknaden vedkjem (drikkevassforsyning, rekreasjon, næringsverksemd og så vidare). Beskriving av tiltak for å motverke interessekonfliktar og tiltak for å sikre helse og miljø 

  • Brukarinteresser knytte til utsleppsstaden vil ha stor betydning for plassering og utforming av reinseanlegg eller utsleppspunkt. Vedlegget skal innehalde ei vurdering av interesser som kan/vil bli rørte ved av utsleppet (for eksempel drikkevatn og brønnar, jordvatning, leikeplassar, bading, fiske, turløyper og så vidare), og plasseringa til utsleppsstaden når det gjeld brukarinteresser. Dersom du er i tvil, kan det vere nyttig å kontakte ein fagkyndig som kan gjere ei nøytral vurdering.  

Mal for vedlegg F til utsleppssøknad (ODT, 19 kB)

 

G. Oversikt over kven som er varsla 

  • Alle naboar og aktuelle partar skal varslast 4 veker før søknaden blir send. 
  • Du må lage ei liste over kven som har blitt varsla, og du må leggje ved kvittering på at det er sendt varsel til dei respektive (for eksempel kvittering på rekommandert sending eller underskrift).

Mal for vedlegg G oversikt over berørte interesser til utsleppssøknad (ODT, 15 kB)

 

H. Eventuelle mottekne klagar/protestar  

  • Dersom du har motteke klagar/protestar, skal dei leggjast ved søknaden. Dersom du ikkje har motteke klagar/protestar, kryssar du av i boksen «ikkje relevant». 

 

Dokumentasjon av grunnforhold

Krevjast ved søknad om løyve til etablering av infiltrasjonsanlegg/sandfilteranlegg. Denne dokumentasjonen skal utarbeidast av nøytral fagkyndig med nødvendig kompetanse for denne typen grunnundersøkingar.

Dokumentasjonen skal innehalde:

  • Jordprofil og jordanalyse for kvart prøvepunkt
  • Jordanalyse og kornfordelingsanalyse inkludert siktekurver, sorteringsgrad, middelkornstorleik for aktuelle prøvepunkt, utrekning av nødvendig infiltrasjonsareal
  • Eventuelt infiltrasjonstest
  • Beskriving  av lausmassane sin hydrauliske kapasitet og om dei er eigna som reinsemedium, og vurdering av risiko for forureining (brønnar, badeplass, rekreasjonsområde, vegrøft)
  • Beskriving av terrenget i området, helningsgrad og –retning, vurdering av hydrogeologiske forhold som strøymingsretning for infiltrerte vassmasser, fjellformasjonar i grunnen, avstand til grunnvatn, osv.
  • Teikning i kart av strøymingsretning for infiltrert vatn i grunnen merka med piler, helningsretning og –grad i terreng, registrert fjell i dagen, nummererte undersøkte lokaliteter, osv.
  • Skildring av korleis anlegget skal støtbelastast (alle anlegg med fleire enn to grøfter/infiltrasjonsrør må støtbelastast), utforming og plassering av peilerør som blir brukt for å kontrollere om det står vatn i fordelingslaget
  • Beskriving av kva som er nødvendig av tilsyn og kontroll for å sikre stabil og sikker driftav det prosjekterte anlegget

Oversikt over interesser som blir berørt

For eksempel vassforsyning, brønnar, jordvatning, næringsverksemd, bading, rekreasjon osv.). Dokumentet bør og innehalde ein tekst med skildring av tiltak for å motverke interessekonflikter og tiltak for å ivareta helse og miljø.

Kopi av signerte avtaler

Til dømes avtaler om løyve til tilkobling til annan eigedom sin utsleppsleidning, eller føring av avløpsleidning over annan eigedom. Slike avtaler bør innehalde ei fordeling av ansvar for vedlikehald og reparasjonar på felles anlegg. Vang kommune vil tilrår at slike avtaler blir tinglyst. Dette kan og vere avtaler om tilsyn og vedlikehald på avløpsrenseanlegg.

NB! Ved søknad om etablering av minirenseanlegg er det krav om dokumentasjon for inngått sørvisavtale for renseanlegget.

Kvittering på varsling av naboar

Etablering av avløpsrenseanlegg skal i samsvar med forurensningsforskriftens § 12-4, 2. ledd nabovarslast med ein svarfrist på 4 veker (ikkje 2 veker som det er etter plan- og bygningslova). Søknaden vil ikkje bli behandla av kommunen før fristen for å kome med merknader er gått ut.

Ettersending av vedlegg

Dersom du ønskjer å ettersende eventuelle vedlegg må du merke dei med gards- og bruksnummer.

Ettersending av vedlegg kan gjerast gjennom eDialog eller per post.

Opningstider

09.00-11.30 ope
11.30-12.00 stengt for lunsjavvikling
12.00-15.00 ope
 

Adresse

Vang kommune

Tyinvegen 4850
2975 Vang i Valdres