Vang kommune har i sitt budsjett for 2025 sett av ei samla ramme på 2 millioner kroner, for å møte søknader frå verksemder i Vang om tilskot til satsingar og tiltak som fremjar nærings- og samfunnsutvikling.
Netto ramme pr. 10. februar til fordeling i 2025 er ca. kr. 1 000 000,-.
Har di verksemd planar om aktivitetet og tiltak som går ut over drift og vedlikehald er det høve til å sende ein søknad om midlar frå fondet. For 2025 har kommunestyret fastsett følgjande regime og fristar handsaming av innkomne søknader:
- For første halvår er søknadsfristen 1. mai med behandling i formannskapsmøtet 3. juni.
- For andre halvår er søknadsfristen 1. oktober med behandling i formannskapsmøtet 6. november.
Halvparten av budsjettert ramme blir tildelt i kvart formannskapsmøte.
Merk og at søknader om tilskot må vere sendt kommunen før oppstart og gjennomføring av tiltaket.
Ta gjerne kontakt med næringsrådgjevar Erling Oppheim ved spørsmål eller for å drøfte søknaden før oversending til formannskapet.