Oppgåve over omsett mengde alkoholhaldig drikk er grunnlaget for utrekning av løyvegebyret. Etter utgangen av året skal løyvehavar sende inn oppgåve over faktisk mengde omsett alkohol.
Ved opphøyr eller sal av verksemda, skal omsetjingsoppgåve sendast inn så snart endeleg tal ligg føre. Det er talet på liter omsett alkohol som skal rapporterast inn.
Omsetjingsoppgåver frå leverandørar skal sendast inn saman med skjemaet.