Jf. alkoholloven sin § 7-1 skal det for løyve til sal av alkoholholdig drikk utanom Vinmonopolet og til skjenking av alkoholholdig drikk betalast eit årleg løyvegebyr. § 6-2 i alkoholforskrifta gir gebyrsatsane.
Oppgåve over omsatt mengde alkoholholdig drikk er grunnlaget for berekning av løyvegebyret. Etter utgangen av året skal løyvehavar sende inn oppgåve over faktisk mengde omsatt alkohol. Løyvehavar skal sende inn eit skjema for kvar skjenke-/salsstad føretaket har løyve for.
Ved avvik mellom stipulert og faktisk omsetning, vil kommunen foreta ei etterberekning og eit etteroppgjør.
Kommunen setter frist for innsending av ordinær årleg rapportering.
Ved opphør eller sal av verksemda, skal omsetningsoppgåve sendast inn så snart endelege omsetningstal ligg føre.
Jf. alkoholforskrifta sin § 10-3, vil manglande innlevering av omsetningsoppgåve innan kommunen sin satte frist, føre til tildeling av to prikkar.
HUSK: omsetningsoppgåver frå leverandørar skal sendast inn saman med dette skjemaet. Det er ikkje alle leverandørar som sendar ut oppgåver til løyvehavar automatisk - det er løyvehavar sitt ansvar å etterspørre omsetningsoppgåvar og sende dei inn til kommunen.
Omsetningsoppgåver lastas opp som vedlegg til slutt i skjemaet.