Løyve blir gjeve til personen eller selskapet som har det økonomiske ansvaret for drifta av butikken eller utsalet. I søknadsskjemaet må du gi opplysninger om staden, om eigarforholdet og om kven som skal være styrar og nestansvarleg.
Alle søknadane vert handsama etter alkohollova
Krav til søkar
Løyvesøkar og personar med vesentleg innverknad på verksemnda må ha uklanderleg vandel. For kvart løyve skal det peikast ut ein styrar med nestansvarleg. Begge må ha bestått kunnskapsprøva om alkohollova. Dei må vere over 20 år, arbeide i verksemnda og oppfylle krava som alkohollova stiller.
Vedlegg til søknaden
- Firmaattest frå Brønnøysundregistrene
- Skatteattest for selskapet som søkjer om salsløyve
- Planteikningar over arealet og funksjonane i lokale
- Dokumentasjon på at styrar og nestansvarleg har bestått kunnskapsprøve for salsløyve
Du plikter å melde frå til kommunen dersom det skjer endringer i løyveperioda, til dømes:
- skifte av styrar og nestansvarleg
- endring av driftskonsept
- endring av eigarforhold
Kommunen kan då enten godkjenne endringane eller krevje at du søker om nytt salsløyve.