Serveringsløyve

Verksemder som driv serveringsstad må ha serveringsløyve. Løyveplikta gjeld alle serveringsstader der det ligg til rette for at mat og/eller drikke vert ete eller drukke i, eller like utanfor serveringslokalet. Døme på serveringsstad er restaurantar, kafèar, gatekjøken, pubar, matvogner og bensinstasjonar.

Kravet til serveringsløyve gjeld både innandørs og utandørs servering, også sjølvbetent servering.

Dersom verksemda er av sporadisk karakter, skal du ikkje ha serveringsløyve. Døme på verksemd av sporadisk karakter er sal av vaflar på skulekorpset sin loppemarknad eller basaren til idrettslaget.