Planen skal være eit verkty for å styre utviklinga av anlegg og område for idrett og friluftsliv, med det formål å bidra til å oppretthalde og styrke befolkninga sin fysiske aktivitet som vidare fører til betre fysisk og psykisk helse.
Vang kommunestyre godkjente planen i sitt møte 15.desember 2022. Revidering av planen vart fyrste gong opplyst før sumaren med annonse i avisa Valdres, det vart her oppfordra til å koma med innspel til planen.
Planen var hausten 2022 oppe til behandling i Vang idrettsråd og Vang formannskap før den vart lagt ut til offentleg høyring.