
Vil du søke plass i kulturskulen, sjå søknadsboks/undermeny over. Der finn du og plakat og reglement for kulturskulen. Lenger ned finn du info om fagtilbod, lærarar og betaling med meir.
Vang kulturskule starta i 1986 som musikkskule med Gunnar Baden som rektor. Etter som åra gjekk vart musikkskulen sitt tilbod utvida med dans, teater, biletkunst og ymse formar for handverk, og namnet vart endra til Vang kulturskule.
I 2017 så flytta Vang kulturskule inn i nye flotte lokale på VBU. Lokala er i sambruk med grunnskulen, og er plassert ved Vangshallen.
Kulturskulen ønskjer å vera eit senter for kulturtilbod for bebuarane i Vang kommune.
Inna musikk ønskjer kulturskulen å ta vare på dei historiske tilknytingar me har i forhold til folkemusikk, samtidig som ein og tek vare på det klassiske og rytmiske uttrykket i musikken. Skulen ønskjer og å serve tilbod som showdance, teater, teikning og foto.
Skulen har som mål å forsyne dirigenttenester til kor og korps i kommunen.
Skulen er fyrst og fremst eit tilbod til barn og unge i skulealder, men vaksne kan og få plass. Fulltidsplass for enkeltelevar er 20. minutt kvar veke, medan gruppeundervisning kan variere frå 35 minutt til 90 minutt. Ein kan søke om å få utvida enkeltundervisning.
Undervisninga er på Vang barne- og ungdomsskule i nye inspirerande lokaler.
Nytt tilbod i kulturskulen i samarbeid med Vestre Slidre kulturskule og Skaperkraft Valdres.
Oppfinnarklubben er ein stad der du kan finne opp ting heilt sjølv eller du kan lage noko som liknar på noko andre har laga. Av ting som er laga på Jokerspace tidlegare spenner produksjonen frå dørskilt og T-skjortedesign til musikkinstrument og godterikatapult. Noe du lager har kanskje fokus på utsjånad – til dømes eit skilt eller ein stol. Andre ting har kanskje fokus på korleis det fungerer – til dømes ein robot eller ein reservedel til traktor.
Du kan utfalde deg kreativt med alt som finnes i Jokerspace Ryfoss.
- 3D-printarar
- Laserkuttar
- Vinylkuttar for foliedesign
- Varmepresse for å trykke vinylfolie på tekstiler.
- Symaskin og overlock maskin
- Digitalt styrt broderingsmaskin
- Forskjellige legorobotar
- Micro:bit med og masse utstyr
- Arduino
- Air:bit (dronebyggesett)
- Ein del tradisjonelle verktøy for tre, metall og elektronikk
Les meir her:
https://www.skaperkraftvaldres.no/jokerspace
Meir informasjon om alarmtelefon for barn og unge finn du her.
Nyttig informasjon finn du her.