Vang Læringssenter organiserer og tilbyr undervisning i norsk og samfunnskunnskap for vaksne. Etter å ha vore med i eit samarbeid med Vestre Slidre kommune, starta Vang kommune sitt eiget læringssenter i 2014.
Læringssenteret gir tilbod om asylnorsk på 175 timar for asylsøkjarar som bur på mottaket i Vang, kurs for arbeidsinnvandrarar og andre innvandrarar som har rett til norskundervisning, samt introduksjonsordning for dei som er busette flyktningar i Vang kommune.
Vang læringssenter tilbyr også grunnskule for vaksne som har rett på det.
Administrasjonen på Vang læringssenter består av leiar Kristin Venås. Det er 6 lærarar på læringssenteret, medan Miranda Bossers jobbar som flyktningkonsulent med ansvar for rettleiing av dei busatte flyktningane.
Sist endra 20.03.2024 13.34