Ordførar Jørand Ødegård Lunde
Ødegård Lunde har utdanning innan administrasjon og leiing frå Høgskolen i Innlandet, historie frå Universitet i Bergen og NTNU i Trondheim (Dragvoll) og styrekompetanse frå BI. Dei siste 8 åra før ho vart ordførar, var Lunde dagleg leiar i Valdres Natur- og kulturpark. Ho har 16 års erfaring frå fylkestinget i Oppland med ulike verv der, samt at ho har lang fartstid frå ulike styrer mellom anna Innovasjon Norge og Norges pelsdyralslag.
Ho bur på garden Lunde i Øye og er gift med Johannes, dei har 3 vaksne døtre og 7 barnebarn. På fritida er Jørand glad i å vera ute og ho trives godt i fjellet, gjerne i den vesle fiskebua ved Svarteknippa på Filefjell.
Kjerna i hennar politiske engasjement er ynskje om å bidra til at Vang skal vera ein god og attraktiv plass å bu for folk i alle aldrar.