Alle kommunar og fylkeskommunar skal etter kommunelova § 5-12 opprette råd for menneske med nedsett funksjonsevne, eldreråd og ungdomsråd.
Dei reglane i kommunelova som gjeld for folkevalde organ, gjeld også for råda. Det inneber blant anna at råda må følgje saksbehandlingsreglane i kommunelova kapittel 11. Medlemmene av råda blir rekna som folkevalde og har same rettar og pliktar som medlemmene av folkevalde organ (kommunelova kapittel 8).
Råda er rådgjevande organ for kommunen og har rett til å uttala seg i saker som gjeld høvesvis eldre, personar med funksjonsnedsetting og ungdom.
Alle kommunar skal ha eit reglement for medverkingsråda. Reglementet skal fastsette organets verkeområde og eventuelle vedtaksmynde, tidsperioden organet er oppretta for og eventuelle andre sentrale føresegner om organets verksemd (kommunelova § 5-13).
Forskrift for kommunale og fylkeskommunale råd.
Eldrerådet har 7 medlemar + 7 varamedlemar.
- 5 medlemar skal representere interessene til eldre i kommunen
- 2 medlemar skal vere politikarar
- Fleirtalet av medlemane i eldrerådet skal ha fylt 60 år på valtidspunktet
Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne har 5 medlemar + 5 varamedlemar
- 3 medlemar skal representere interessene til menneske med nedsett funksjonsevne i kommunen
- 2 medlemar skal vere politikarar
Ungdomsrådet har 7 medlemar + 7 varamedlemar
- 6 medlemar skal representere interessene til ungdomar i kommunen
- 1 medlem skal vere politikar (leiar for hovudutvalet for levekår). Nestleiar for hovudutvalet for levekår er vara.
- Dei valde medlemane i ungdomsrådet skal ikkje vere fylt 19 år på valtidspunktet
Kontaktperson Ungdomsrådet: Vilde K. H. Larsen (Ungdomskoordinator)
Sist endra 28.08.2024 14.31