Spørjetimen

Spørsmål til spørjetimen skal leverast inn skriftleg på e-post til ordføraren seinast 8 verkedagar før kommunestyremøtet

Grunngjevne spørsmål er spørsmål til ordførar som gjeld konkrete forhold eller saker. Ordføraren refererer heile spørsmålet. Spørjaren og svarar får to minuttar kvar. Spørjaren kan be om ordet for eitt tilleggsspørsmål. Det er ikkje høve til debatt, og det kan ikkje fremjast forslag i samband med grunngjevne spørsmål.
 

  • Alle kommunestyremedlemmer og innbyggarar i kommunen kan stille spørsmål til kommunestyret. 
  • Spørsmål  må rettast skriftleg til ordføraren minst 8 verkedagar før sjølve kommunestyremøtet.
  • Spørsmåla leggjast fram av spørsmålsstillaren. Men ordfører kan også lese opp stilte spørsmål. Dette avklarast på førehand ved grunngjevne spørsmål.
  • Spørsmålsstiller har høve til å stille eitt oppfølgingsspørsmål 
  • Spørsmåla må gjelde kommunale forhold. Dei må vere av allmenn interesse for innbyggarane i kommunen. Personlege saker, saker under ordinær klagebehandling og saker som er unntatt offentlegheit eller underlagt teieplikt skal ikkje takast opp.
  • Oppstår det tvil om forståinga av desse retningslinjene er det ordføraren som har avgjørande myndigheit.

Spørsmål og svar blir innarbeidd i protokollen for kommunestyremøtet.