17. mai-feiring i Vang 2022

Sjå program i lenke

  • Kl. 09.00 Fjellblom Musikklag spelar under flaggheising ved Heensåsen kyrkje
  • Kl. 10.30 Festgudsteneste i Vang kyrkje ved sokneprest Laugaland og organist Bydvytis. Høre mannskor deltek
  • Kl 11.15 Organisering/oppstilling av 17. mai-tog på P-plass framfor Vang kommunehus
  • Kl 11.30 Tog frå Vang kommunehus - sørover E16 forbi Vangsheimen - VBU. Korpsmusikk og tale for dagen ved ordføraren før avgang. Avslutning ved VBU

Vang

Kl. 13.00-15.30
Servering av kaker og kaffi. 17. mai-leikar og trekning av gevinst på inngangsbilletten.
Inngang: Vaksne kr 50, barn gratis
Sal av pølser, is og brus ute

Åsvang

Kl. 13.00
Fjellblom Musikklag spelar. Feiring med 17. mai-tale, traktering, underhaldning, uteleikar, sal av is og brus
Inngang: Vaksen kr. 120 (Vipps el. kontantar), barn under 16 år gratis

Høre

Kl 13.30
Servering av lapskaus, pølser, kaffi og kaker. Underhaldning. Uteleikar med premiering til barna. Trekning av gevinst på inngangsbilletten.
Inngang: Vaksne kr 100, barn under 16 år gratis.
Tur til flagget på Raudberg frå 13.-16. mai.
 

17. mai-komitèane, Vang kommune og Kyrkja i Vang ønskjer alle ein fin 17. mai!